Oppdatert 29-08-2011

 
Aktuelt frå sogelaget


Lokalhistorisk vandring i Tresfjord.
Søndag 11. september
er det lokalhistorisk vandring med Odd Sørås som turleiar frå Øvstedal til Tresfjord kyrkje. Vandringa skjer som del av Krohg-året og tek for seg historia om ”Rike-Brit”. Oppmøte ved kyrkja kl 13.
 

Sogelagsturen i 2011
går laurdag 24. september til Eikesdalen. Bjørn Austigard er med. Les meir om turen her, og meld deg på snarast!
 

Årsskrift 2011 er under planlegging. Har du stoff som kan brukast, eller idéar til til stoff, er vi takksame for innspel. Frist: 10. sepember.

Styret

 

Fjellturen til Ysttinden 28. august i Krohgs fotefar vart offisielt avlyst då vêret ikkje var på vår side. Ei gruppe gjekk likevel til foten av Ysttinden, og Rolf Krohg-Sørensen kjempa seg heilt på toppen, der han framførte tekstar av tippoldefaren. Sjå reportasje i avisene og bilete i  Facebook-gruppa for Krohg-året 2011.

15. mars var det storslått Krohg-feiring i Vestnes kyrkje under leiing av i Vestnes teaterlag, med Romsdalsorkesteret og Vestnes mandssangforening - det heile verbalt knytt saman av Odd Sørås. Delar av musikken som vart framført står Terje Rypdal bak. Carl Morten Amundsen var instruktør for teaterinnslaga. Etterkommarar av Krohg var med denne kvelden som heidersgjestar. Les meir om feiringa i Vestnes Kyrkjeblad her.


Otto Theodor Krohg

Årsmøte i Vestnes sogelag var  9. mars på kommunehuset med vanlege årsmøtesaker.

Etter møtet kåserte konservator Terje Thingvold på Romsdalsmuseet om Hjertøya, med to forskjellige vinklingar:
      1. Tresfjordingar med tilknytning til Hjertøya
      2. Kunstnaren Kurt Schwitter.
Han viste fleire måleri av Schwitter og fotografi frå Hjertøya på den tida.

På biletet til venstre ser vi Terje Thingvold og Per Bjørn Ellingseter, som vart attvalt som leiar i sogelaget.  Foto JH.


7. mars
avduka sokneprest Signe Hellevik vegskiltet til Krohgalleen ved prestegarden på Helland. På biletet til høgre ser vi forslagsstillar til namnet Krohgalleen, Einar Baltzersen, og sogelagsleiar Per Bjørn Ellingseter ved det historiske vegskiltet. Foto JH.


2011 er "Krohg-året" i Vestnes kommune
, av di det er 200 år sidan Vestnes sin første sokneprest, Otto Theodor Krohg, vart fødd. Året vil bli markert med fleire arrangement, og medlemmene i sogelaget blir oppmoda om å hjelpe til. Vi takkar sponsorane til Krohg-året, Berg-Jacobsen-gruppa og Sparebank 1 SMN.

Besøk gjerne gruppa Krohg-året 2011 i Vestnes på Facebook.

Les om Krohg sin skitur frå Daugstad til Måndalen i Romsdals Budstikke her.


Årsskrift 2010 er delt ut til medlemmene og til sals i bokhandelen!
 

Om heimesidene