Referat frå årsmøte i Vestnes Sogelag, 19. mars 2013

 

Oppdatert 23-12-2013

 

Leiaren i Vestnes Sogeleag, Per Bjørn Ellingseter, ønskte dei 18 frammøtte velkommen.
 

1.       Konstituering av møtet.

a.       Godkjenning av innkalling og sakliste.

Ingen merknader.

b.      Val av møteleiar.

Per Bjørn Ellingseter vart vald til møteleiar.

  

2.       Årsmelding frå styret for 2012.

Årsmeldinga vart gjennomgått av leiaren.

Anton Øverås orienterte om arbeidet med fotoboka. Sogelaget har fått tilgang til «Legernes-samlinga». I tillegg til fotoboka er det planer om å gi ut ei eiga samling med gamle postkort.

Ingen merknader og årsmeldinga vart godkjend.

  

3.       Årsmelding frå skriftstyret for 2012.

Årsmeldinga vart lagt fram av Per Bjørn Ellingseter.

Denne vart godkjend utan merknader.

  

4.       Rekneskap 2012.

Hallgeir Anderson gjekk gjennom rekneskapen.

Det vart stilt spørsmål om sogelaget er registrert i Brønnøysundregisteret.  Det skal bli gjort.

Hallgeir orienterte i tillegg om at sogelaget har ca 25000 kr uteståande hos Notabene. På grunn av konkursen er det uvisst om dette blir eit tap.

Rekneskapen vart godkjent.

  

5.       Val.

Innstillinga frå valnemnda vart lagt fram av Per Bjørn Ellingseter.

Valet vart gjennomført i høve til valnemnda si innstilling.

 

Leiar:                  Per Bjørn Ellingseter.

 

Styre:                 Knut Kjøpstad, ikkje på val

                          Torhill Sellereite, ikkje på val

                          Lars Sigmund Kleive, attval, 2013-2014

                          Vebjørn Fiksdal, ny, 2013-2014

 

Varamedlem:     Johan Hjelvik, attval

                         Helena Gjelstenli, attval

 

 Fotogruppa:     Jostein Bø, attval

                         Olav Hole, ny

                         Olav Skjegstad, attval

                         Torgeir Utgård, attval

                         Edmund Melkild, attval

 

Revisorar:         Jarle Løvik, attval

                        Arne Jan Steen, ny

 

Valnemnd:       Petter Inge Bergheim, ny

                       Thor Olav Helland, attval

  

Orienteringar/spørsmål:

Per Bjørn Ellingseter orienterte om aksjonen «Mange stemmer frå levde liv», ein landsomfattande aksjon for innsamling av livsminne som m.a. Landslaget for lokalhistorie står bak.

 

Bernt Gjelsten kom med ei oppfordring til sogelaget om å arbeide med  historieformidling retta mot barn og unge. Laget vil ta dette opp i eit styremøte.

  

Servering av kaffi og wienerbrød.

  

Kåre og Leif Magne Lervik synte bilete og kåserte frå ein tur i USA sommaren 2012, «Over prærien etter spor av fortid».  I årsskriftet frå 2012 har dei også ein artikkel frå denne turen.

  

 Torhill Sellereite

                    -referent-