Minneord Alf Johan Hustad


Ved Alf Johan Hustad sin bortgang har Vestnes sogelag mista ein av sine viktigaste medspelarar. Han var med frå første start, og då laget låg nede nokre år, var han den ivrigaste pådrivaren for å få laget på fote igjen. Alf Johan Hustad var styreleiar i åra frå og med 2003 til og med 2006. I desse åra la han ned ein stor arbeidsinnsats for å få organisasjonen Vestnes sogelag til å fungere. Interessa for laget auka, medlemstalet vaks, og laget segla på alle måtar i medvind. Ved sidan av organisasjonsarbeidet hadde han og overskot til å levere viktige artiklar, både til vårt eige årsskrift og til andre.

Alf Johan Hustad vil bli sterkt sakna i det lokalhistoriske miljøet i Vestnes. Der var han sentral. Som innflyttar, men med slektsrøtene sine frå kommunen her, hadde han kanskje ekstra gode føresetnader for å sjå det karakteristiske i Vestnes med meir nøkterne auge enn mange av oss ”innfødde”.

Gjennom arbeidet sitt i Vestnes sogelag har Alf Johan Hustad lagt etter seg eit verk som generasjonar etter oss vil takke han for.

 Ved gravferda i Vestneskyrkja 6. oktober 2009 la leiaren i Vestnes sogelag krans ved båra hans, og takka for innsatsen for det lokalhistoriske arbeidet.


Alf Johan Hustad
13. november 1936 – 26. september 2009

 

Oppdatert 03-12-2009