Vestnes sogelag – kort historikk

 

Oppdatert 15-02-2014

 

Leiar og nestleiar i Vestnes kulturstyre (Birger Lilleheim og Alf Johan Hustad) kalla inn til møte 27.10.1983 for å drøfte skiping av sogelag. Desse lokalhistorisk interesserte personane møtte:

Harald Bjørdalsbakke, Anna Selnes, Alf Vik, Agnes Vik, Jarle Skuseth, Kjell Arne Nakken, Henning Moldver, Anne Marie Førde, Anders Inge Neraas, Alfred Vike, Martin Kringstad, Edvard Sylte, Jakob Kjersem 1), Per Bjørn Ellingseter, Ivar Birkeland, Leif Sørås, Birger Lilleheim, Alf Johan Hustad 2).

Skipingsmøtet vart halde 30. november 1983 og det første styret var slik samansett:

Agnes Vik, formann, Oddbjørg Lyslo, nestformann, Kjell Arne Nakken, kasserar, Henning Moldver sekretær, Edvard Sylte, Elisabeth Sønstabø.

Laget kom straks i arbeid, men stansa opp då formannen døydde brått i mars 1984.

Det første årsskriftet kom i 1984. Det var eit hefte på 60 sider. Her er også tatt med ei oversikt over dei 37 personane som teikna medlemskap første året.

Aktiviteten i laget dabba av og frå 1988 gjekk laget inn i ei ”kvilande periode” til 1997 då Henning Moldver tok intiativ til å få laget i gang att.

Etter den tid har laget gjennom skriftstyret gitt ut årsskrift kvart år, tilsaman ca 1.200 sider lokalhistorisk stoff, og det er gitt ut to CD-ar (”Bygdetradisjonar i ord og tonar I” i 1999 og ”II” i 2003) med musikk, song og forteljingar på dialekt.

Laget har også gitt ut ”Minner frå krigen 1940-45” (1998) og ”Salmer og Sange fra Tresfjord” (2005).

Fotogruppa arbeider med innsamling av bilete.

Dei siste åra har laget arrangert medlemstur kvart år, skipa lokalhistoriske kveldar og tatt del i andre lokalhistoriske arrangement i samarbeid med andre organisasjonar.

Leiarar for laget har vore Agnes Vik (1983-84), Njål Sellereite (1997-99), Ragnar Haarr (2000-2001), Alf Johan Hustad (2003-06), Lars Sigmund Kleive (2007-08) og Per Bjørn Ellingseter (2009- ).

1) Les minneord over Jakob Kjersem her.
2) Les minneord over Alf Johan Hustad her.